De som ber håpet

 

«Dette er vel ein fin plass å vere på?», blei eg spurt.  Eg hadde som vanleg komme i god tid til behandlinga, eller eg sat der medan eg venta på bussen.

Når eg er dårleg, prøver eg så hardt å klistre på meg eit smil og vere som vanleg, men jo lenger ned en synk, jo vanskelegare blir det. Til sist kjennest det umogleg. Då er det slitsamt å forholde seg til andre, og eg får den tanken om at andre blir nedstemt berre av å vere i same rom som meg.  Her kjente eg ikkje så stort behov for å ta på ei maske, sjølv om denne tanken om å påføre andre nedstemtheit dukka opp også her. Eg spurte om ikkje det var tungt å jobbe med slike som meg. Svaret slik eg huskar det var: «Nei, det er ikkje det. No er du sjuk, men så blir du frisk igjen.»

eg skal vakne
medan eg balanserer
på line
over juvet
kan du varsamt bære
håpet

Det er godt nokon kan halde håpet for ein når ein ikkje greier det sjølv. Dei første gongane de prøvde gje det tilbake, trudde eg det var ein forfalska diamant. Seinare tok eg handa bort og kjente på det. Bit for bit tok eg det med meg heim. Bit for bit pusla eg det saman att. Det hender enno det nesten vert usynleg for meg, men etter nokre dagar kan eg igjen sjå det klart.

Det var fint med ein kort prat på venterommet innimellom. De måtte jo ikkje komme ut frå vaktrommet og snakke med meg medan eg venta på tur, men eg sette pris på det. Eg sette pris på å bli spurt korleis det gjekk og på å få omsorg servert i eit pappkrus.

Eg blei frisk, i den grad ein kan bli frisk frå bipolar liding. Eg blei frisk frå den aktuelle episoden i alle fall. Dei første gongane eg kom, måtte eg reise med buss fordi eg ikkje hadde konsentrasjon til å køyre bil. Helst sat eg med auga att, som for å stenge ute slitsame inntrykk. På venterommet sat eg helst med hovudet støtta mot veggen eller i hendene. Kanskje eg retta meg opp litt når eg ikkje sat der åleine, sjølv om eg ikkje akkurat kjente trong til å klistre på meg eit smil. Under behandlinga la eg stolen eit stykke bak og sat også her med auga att. Etter behandlinga reiste eg heim og måtte stadig leggje meg i senga, og ha det heilt stille. Eg kjente meg likegyldig og greidde lite å glede meg over ting. Herfrå, via å kunne sitje med opne auge og slappe av andre stader enn under dyna og utan å stengje ute alle inntrykk, kom eg dithen at eg tok bussen for å nytte reisetida til lesing. Også tida på venterommet nytta eg til å lese. Under behandlinga sat eg meir oppreist med opne auge og prata, mykje synest kanskje somme mot slutten. Etter behandlinga kunne eg gå ein bra tur og glede meg over at det ikkje var meir slitsamt enn det for nokre veker tilbake var å berre halde kroppen oppreist.

med livet på pause
har eg klatra
klamrande
vil eg leve
eg trykker på play-knappen
og begynner å samle bitar
av meg sjølv

Eg har ikkje klatra åleine. Eg veit  ikkje sikkert kva som hjalp. Kanskje var det sjølve magnetstimuleringa. Kanskje var det at det var noko trygt ved desse daglege avtalene. Kanskje var det service, venlegheit, oppmuntring, samtaler, lytting og det å bli møtt med respekt og forståing. Kanskje var det tida som løfta meg litt etter litt. Eg trur det var ein kombinasjon av alt dette og kanskje andre faktorar også.

Slik opplevde eg det å vere pasient på Stemningpoliklinikken. Sjølv om spørsmålet i innleiinga, frå avsendaren si side var meint som ein spøk, så heilt på alvor:  Stemningspoliklinikken er ein fin, eller i alle fall ein heilt OK, plass å vere.

 

 

 

Kommenter innlegget