Hudlaus

Du er ikkje den som klager over at ingen andre dekkar bordet. Det er ikkje du som trakkar fram og attende framfor vaktrommet og ofte tek kontakt med personalet. Du sit ikkje og halvsøv i fellesstova og seier «Eg er så dårleg, eg er så dårleg».

Du er den som sit ute i sola. Det er du som strikkar,  løyser kryssord, pratar med dei andre og går ein tur på eige initiativ. Du ryddar av bordet etter måltida og går i dusjen.

Du er den som trur eg ikkje kan sjå kva det kostar å hente strikketøyet. Det er du som trur det ser ut som du solar deg  når du sit ute med auga att og hovudet lent mot veggen fordi det er tungt å sitje oppreist. Du har limt maska fast med superlim og strevar med å få den laus

Vi er dei som seier det er bra for deg å bli litt til. Det er vi som seier at du ikkje skal planlegge for mange aktivitetar. Vi seier at det å gå i dusjen er eit bra nok mål for dagen.

Vi ser det hudlause andletet under maska.

Kommenter innlegget