Husmorferie

Eg reiste ikkje langt, og eg reiste ikkje saman med nokon, som sikkert mange ville gjort. Eg måtte reise åleine, men møtte nye menneske undervegs. Somme av dei snakka eg med, andre berre observerte eg.

Eg møtte ei som stadig sukka og sa «eg er så dårleg». «Ho sat ofte og halvsov eller ho vandra sakte og mimikkfattig i korridoren. «Sjå kor dårleg eg er», sa ho med heile seg.  Eg spurte kva ho pleier like å gjere. Det var vanlege ting, som ting i huset. No klaga ho over at ho var lei av å dekke bordet. Ingen andre gjorde det, sa ho, så ho kjente seg forplikta. Utover dette snakka vi lite, men vi løyste kryssord saman.

Eg møtte ei eg kunne snakke mykje  med. Vi sat på terassen. Vi snakka om alt frå tomatar til tårer. Ho var møbelsnekkar. Ho hadde komme heim frå ferie i  utlandet, og mannen hadde brått og uventa formidla at han ville gå frå henne. Ho fekk ikkje sove i huset, så no var ho her. Ho hadde kjøpt ny, stor og fin leilegheit som ho skulle flytte inn i.  Eg måtte komme på besøk når ho var ferdig med flyttesjauet.

Eg møtte trøkkføraren som arbeider som reinhaldar. Henne kunne eg også snakke litt med. Ho syntes strikking verka samlande og beroligande.  Ho likte å gå tur. Ho arbeidde på ettermiddag og kveld, motsett av venindene, og ho sakna nokon å vere med på dagtid. Ho pendla mellom pensjonatet og bærbuskene heime. Før ho reiste tapppa ho vatn i store flasker, for brønnen hennar hadde gått tørr.

Ei anna seig rundt i lokalet med seinka blikk. Ordlaust gjekk ho og  strauk seg på magen, som om ho var gravid.  Ho tok stadig kontakt med personalet.  Plutseleg ein dag var ansiktet meir levande, og ho snakka! Det var smerter som gjorde at ho gjekk slik ho gjekk. No hadde ho fått behandling mot det som var så smertefullt.

Eg møtte ei som eg, i alle fall dels, kjente frå før. Ho kunne eg også snakke med, på eit vis. Ho hadde også ein del kontakt med møbelsnekkaren og den reinhaldande trøkkføranren.  Ho sat mykje ute. Det såg ut som ho sola seg. Når ho var inne, sat ho mykje i daglegstova. Ho strikka eller ho løyste kryssord. Etter måltid sette alltid mjølka tilbake i kjøleskapet, så snart det var tomt rundt bordet. Besøkande tok henne iblant for å vere tilsett. Ho såg nesten ut som om ho ikkje hadde bruk for å vere der, men ho kviskra meg at ho sat ute slik ho gjorde, for å gjere ting ho pleidde å like. Samtidig kunne ho sitje med det tunge hovudet lent mot veggen, utan at det såg påfallande ut. Ho skulle ikkje ligge i senga på dagtid. Strikking og kryssord, var middel for å gjere dei lange minuttane litt lettare å halde ut.

Eg møtte ein eg huskar namnet på fordi det minna om ein blodtrykksmedisin. Han hadde diverse teoriar om kosthald, og kikka stadig i kjøleskapet. Eg møtte ei som knapt åt til trass for at ho fekk lage sine eigne rettar. Ho var mest for seg sjølv. Eg møtte ei som sjeldan viste seg. Eg møtte fleire som eg ikkje veksla eit ord med.

Eg møtte personar som eg skulle forholde meg til, som ikkje presenterte seg. Eg møtte ein som halvvegs låg i sofaen og leste medan han var på jobb. Eg møtte folk som tok meg i handa og sa namn og tittel. Eg møtte Vilde som fekk meg til å gå vekk frå tanken om at eg føretrekker hjelp frå personar som er eldre enn meg. Eg møtte Øyvind som tok seg tid, lytta og sette i gong nye tankerekker i meg. Det var bra eg sa at samtale med han var til hjlep, sidan det var lett å tenkje at dei ikkje hadde noko å tilby meg. Eg møtte han som prata ganske mykje, og gjorde stemninga lettare. Eg møtte stilla rundt bordet.

Husmorferie. Ei lita reise, bort frå barn og husarbeid. Det er helst det uttrykket brukast om i dag.  Opprinnleg handla husmorferie om å sidestille arbeidet som kvinnene gjorde i heimen med lønna arbeid. Nokre kvinner, behovsprøvd, utfrå økonomi vil eg tru, kunne få statsstøtte til opphald på t.d. pensjonat med kost og losji. No var det ikkje slik at eg ikkje hadde råd til å betale feriereise sjølv. Min lille husmorferie var elles ikkje så langt frå den opprinnelege tydinga av omgrepet. Eg hadde pause frå krav i heimen. Opphaldet var dekka av staten, og det var inkludert kost og losji. Behovsprøvd var den også.

Kommenter innlegget