Treng vi tilhøyrsle?

Ei gråhåra dame med flakkande blikk kjem inn i rommet. «Eg veit ikkje heilt om eg høyrer til her», seier ho. Det nærmar seg kaffitid. Ho ser bordet er fint dekka. Ho forstår at det snart blir servert mat og drikke, men ho veit ikkje om det er meininga at ho også skal ete her. Eg føresteller meg at ho opplever å vere i eit slags selskap, utan å vite kvar eller med kven. Ho lurer på om ho har gått feil, forvilla seg inn hit. Derfor spør ho om ho høyrer til her.

Eg tek handa hennar, leier henne til det dekka bordet og peiker på bordskiltet med namnet hennar. «Ja, du høyrer til her», stadfestar eg.
Men kva vil det eigentleg seie å høyre til?

Når eg høyrer ordet tilhøyrsle, relaterer eg det lett til omgrep som grupper, roller og relasjonar. Eg kan gjerne sjå på tilhøyrsle som det same som tilknyting og samhøyrsle. Eg tenkjer at ein har tilhøyrsle i ulik grad i ulike grupper, at ein har ulike roller i dei ulike gruppene og ulike relasjonar til dei andre gruppemedlemmane. Kva relasjon ein har til dei andre i ei gruppe, påverkar kor sterkt ein kjenner at ein høyrer til. Kor vidt og kvar ein kjenner tilhøyrsle, er nok ulikt i ulike kontekstar og i ulike periodar i livet.

Dama eg nettopp fortalde om, har før høyrt til i fleire ulike grupper. Familien, kyrkjelyden, barndomsheimen og på garden ho dreiv saman med mannen. No høyrer ho til på avdelinga for personar med demens, i alle fall ytre sett, eller sett frå mi side. Kanskje opplever ho det ikkje slik sjølv. Kanskje tenkjer ho at ho heller skulle vore ein annan stad. «Eg skulle ikkje ha komme hit når eg var så dårleg», seier ho i blant. Nokre gonger legg ho til som ein spøk at ho heller skulle vore på sjukeheimen. «Då er du på rett plass. Du er på sjukeheimen» svarer eg då, og så ler vi begge. …

Det er viktig for menneske å kjenne tilhøyrsle. I Maslows behovspyramide er tilhøyrsle nemnt på steg tre av fem, som ein del av dei sosiale behova. Sosiale behov er, saman med fysiologiske behov og behov for tryggleik, eit såkalla mangelbehov. Utan å ha dekka desse behova, kan mennesket ikkje fungere. Vi treng å vere del av eit fellesskap og kjenne at vi høyrer til ein stad. Blir ikkje desse behova dekka, kan ein ifølgje Maslow bli einsam, sosialt engsteleg og deprimert.

Eg leste nyleg om eit forsøk der rotter blei plasserte åleine i kvart sitt bur. Dei kunne velje om dei ville drikke vatn tilsett narkotiske stoff eller reint vatn. Dei einsame rottene valde rusen. Nokre av dei i så stor grad at det blei deira bane. Då rottene blei plasserte i andre omgjevnader saman med andre rotter, valde dei oftare reint vatn. Dette eksperimentet blei gjort med rotter, men er det ikkje også slik for oss menneske, at ein lett tyr til rus når tilknytinga til andre er mangelfull? Kan ikkje einsemd hos menneske også, i yttarste konsekvens ha døden til følgje?

Eg har sjølv erfart kor mykje det kan bety å føle tilhøyrsle, blant anna ein gong eg var pasient … Eg var så heldig å bli kjent med ein gjeng medpasientar på røykerommet. Samhaldet oss i mellom, blei noko positivt i ein elles vanskeleg situasjon. Det er nesten som samhaldet oss imellom vog opp for alle dei negative konsekvensane av røykinga. Det at eg fekk kjenne på å høyre til i det fellesskapet, var kanskje med på å redde livet mitt.

Eg var mykje sjukmeldt i denne perioden. Fastlegen min har seinare sagt at ho den gongen definerte meg inn i hennar gruppe kronisk … sjuke pasientar. Men i tillegg til pasientrolla, hadde eg også ei rolle som arbeidstakar. Eg kjente såpass stor tilknyting til arbeidsplassen og kollegaene mine, at eg etter å vere over den verste kneika, ville tilbake i jobb. Det at eg følte denne tilhøyrsla til arbeidsstaden min, motiverte meg til å jobbe for å bli frisk. Fastlegen min hadde på ein måte rett. Den aktuelle lidinga er nok per definisjon kronisk, men med medisinar, gode hjelparar, ein familie og ein jobb å høyre til i, kjenner eg meg frisk mesteparten av tida.

Like viktig som det er for meg å kjenne tilhøyrsle, er det nok for den aldrande dama på sjukeheimen. Henne har tilsynslegen definert til å høyre til i gruppa demente sjukeheimsbebuarar. Ho greier ikkje sjølv å huske det eller å forstå kva det inneber, men vi i personalgruppa kan på mange måtar leggje til rette for at ho og dei andre skal få oppleve å høyre til i eit fellesskap. No sit ho på den faste plassen sin ved bordet, saman med dei andre bebuarane og meg. Vi drikk kaffi, saman. Namnet hennar på bordkortet stadfestar at ho er rekna med. Blikket hennar flakkar ikkje meir.

Frå Kraftverk nr. 56