Pause (langversjon)

Livet har vore sett på pause.

Kroppen har vore så tung. Eg har lege i senga og måtta ha det heilt stille. Eg har gått ei veke utan å dusje. Eg har gått på butikken med feitt hår. Eg har teke jakke utanpå nattskjorta og gått ustelt på senteret. Det har vore slitsamt å føre samtaler. Eg har kjent meg så lite konsentrert og «utanfor» at eg ikkje har turt å køyre bil, bortsett frå heilt korte turar. Eg har vore totalt uinteressert i kva som skjer. Det har gått dagar utan at eg henta posten. Eg har rota vekk rekningar, og fått purringar og inkassovarsel. Eg har tenkt at eg ser så trassig og «forsteina» ut, at folk måtte bli nedstemt av å vere i same rom som meg.

Eg har hatt lyst til å gje opp. Eg har hatt lyst til å bokse knyttneven gjennom vindauget. Eg har grubla på om familien likevel kunne takla det greit om eg ikkje var meir. Eg har søkt på nettet for å lese om sikre metodar å gjere det slutt på.

Eg har klamra meg fast. Eg har klatra. Eg vil leve.  Eg trykker på play-knappen, og begynner å samle saman bitane av meg sjølv.