Kvifor gjer du det så fort?

 

«Kvifor gjer du det så fort, mamma? Då stressar du!», utbryt femåringen min medan eg ryddar opp etter middagen. Eg rakk ikkje svare før ho hadde gått vidare til noko anna. Kanskje like greitt, for det er vel ei lang og komplisert historie, og eg veit ikkje om eg kunne komme på ein kort og barnevenleg versjon.

Denne gongen, byrja det kanskje på restaurant i Spania, då eg sendte melding til Live om at det gjekk bra, og avslutta med «Hasta la vista». «Hasta la vista, var det noko å skrive? Berre ho ikkje trur eg er full!», tenkte eg like etter eg hadde toucha «send». Ein drikk seg jo ikkje full på ferie med barna. Barn eller ikkje, eg burde nok vere svært måtehalden uansett, i min situasjon. Eg hadde berre drukke eit halvt glas Sangria. Kanskje byrja det her, men den tanken slo meg ikkje då.

Kanskje hadde det byrja, då eg gjekk tur åleine med min betre halvdel, utan å skulle tilpasse meg barna sitt tempo. Han pleier liggje eitt skritt framfor meg, uansett tempo. Det var varmt. Eg veit han ikkje tåler varmen så godt, men han måtte likevel be meg sakke ned, før eg tok meg saman og bevega meg framover i saktare tempo. Vi gjekk vidare, han slentrande og roleg, eg trippande med raske, korte steg, konsentrert om å ikkje å auke farten att. Etterpå gjekk eg ein tur for meg sjølv, på eit lite «fjell», i mitt eige tempo, som var ganske høgt. Ikkje fjellet, det var lite, men tempoet. Kanskje hadde det byrja no, men det ante meg ikkje. Eg var berre glad for å vere fri dei tunge fotlenkjene, trudde eg.

Det hadde nok starta då eg natta før første dag eg skulle på jobb etter ferien, hadde sove ein del for lite. Eg pleier tåle lite søvn dårleg: Eg blir veldig ukonsentrert, og veldig energilaus. Det var eg denne dagen også, om morgonen. Eg lurte på om eg ville makte arbeidsdagen. Etter kaffi og ein rask tur i frisk luft, såg eg mykje lysare på det. Det skulle nok gå bra, viss eg berre heldt meg i rørsle heile dagen. Takk for at  det er sving på stolen hos Live! Rundt meg surra ein liten tanke om at noko var iferd med å skje, men eg vifta den bort: Dette med å konstant vere i aktivitet, det var nok berre ein strategi for å komme gjennom dagen.

Å komme gjennom dagen og påfølgjande dagar, og netter for den del,  hadde vore lett, viss berre ingen hadde stått i vegen, og krevd at eg seinka tempoet. Det med konstant aktivitet blei nesten umerkeleg transformert frå eit middel til ei trong. Kroppen og tankane vil i alle retningar, og det er ikkje tungt å halde seg oppreist, men det er tungt å halde att.

På jobb har eg blitt ein slik pleiar som eg gjerne vil servere beroligande medisin, for å roe pasienten, i staden for å medisinere pasienten sjølv.  Som mamma er eg litt utålmodig, men også mammaen som alltid er klar for kappløp, som er oppe i god tid før barna og lagar smoothie til dei, som sparkar fotball med «gutta i gata». Viss eg ikkje er oppteken med å skrive då.

Det er ikkje så farleg om eg ikkje søv etter 02.30 om natta, berre eg kan vere aktiv heile dagen, enten fysisk eller skriftleg. Trimturane mine har blitt lenger og hyppigare, og omfattar ikkje berre turar i skog og fjell, men også litt jogging. Eg lagar middag, vaskar, støvsuger, og ryddar raskt, så eg blir andpusten og skjelven, og eg gløymer middagen heilt til det luktar svidd eller eg høyrer lyden av saus som kokar over.

Eg har mange idear om ting å skrive: ikkje mindre enn 48 kladdar har eg, i tillegg til det som allereie er posta. Nokre tekstar er sendt til ein kollega, og nokre er planlagt sendt til Kraftverk.  Eg har kontakta Liv-Elin Remme og Marianne Mjaaland. Eg har sagt for mykje til for mange. «Stopp med det! Du vil skjemmest i ettertid!», seier Fornuft «Det gir eg blaffen !», svarer Assisterende Direktør. Dei veksler på å få siste ord.

Undervegs er musikken høg og gir ei ny meining. Eg er hard på gassen, og hard på bremsa når eg stoppar for å notere ein ny, genial ide. Blir du bilsjuk?

Eg ser på navigassjonskartet, og innser kvar eg er.  Eg kunne godt bli her, viss det berre hadde vore forenlig med å fungere på jobb, og som litt meir tålmodig mamma, og viss det var uendeleg mykje drivstoff att på tanken. Det er det ikkje, så eg burde starte innflyging, no, men eg kan ikkje, vil ikkje eller tør ikkje, ikkje enno. Eg finn ikkje knappen for å få ut landingsjula, og eg har lite lyst til å føreta buklanding, så eg utset det, og utset det, og kanskje utset eg det så lenge at drivstofftanken går tom.

Eg har lest noko om reaksjonar frå omgjevnadene. Viss eg har blitt spurt om dette, har eg benekta det. Ingen har kommentert noko direkte, ikkje før no, og ingen andre enn femåringen min, som lurte på kvifor mamma rydda så fort.