Lady with the lamp

 

Du prøvde ikkje overtale eller slite i meg. Du berre bar med deg ei lykt, og såg noko anna enn dei som stod utanfor og ropa. Du sette lykta rett ved sida mi. I skinet frå den vesle lykta, kunne eg skrive. Eg skreiv mykje. Eg skreiv meg ut.

Eg stig forsiktig på deg med éin fot. Du ber. Tør eg setje den andre foten framfor? Du ber meg no, men kva om du rasar når eg er halvvegs? Eg skal ikkje trampe på deg. Eg skal ikkje trakke på deg i det evindelege. La meg berre gå over, forsiktig. Kanskje eg også kunne bere deg ein stad du vil?  Kan vi vere bruer for kvarandre?

 

1 thoughts on “Lady with the lamp

Kommenter innlegget