Perspektiv

Du må ha merksemd heile tida. Du toler ikkje at vi hjelper dei andre. Viss vi vender oss til nokre andre, eller er borte frå deg nokre få minutt, blir du sur og uroleg. Du byrjar å trave. Du kjenner på dører. Du plukkar med deg ting. Kanskje kaster du ting i veggen.

Vi blir så slitne. Det er så frustrerande, for det er så mykje anna vi også skulle ha gjort. Vi blir så fortvila, for om vi etter å ha gjeve deg full merksemd i timesvis, blir opptekne med andre gjeremål i to minutt, er det som alle timane med nærver, er bortkasta.

Du er ikkje så godt kjent i dette bygget. Det er ikkje her du bur. Det er ikkje her du høyrer til. Det er her du er. Du skulle gjerne reist heim, men du veit ikkje kvar du er, og du veit ikkje kvar du skal gå for å komme heim.

Her er ingen som du kjenner veldig godt, men i dag  dreg du kjensel på eitt ansikt. Du henvender deg til dette ansiktet. Det blir haldepunktet ditt. Du kjenner deg vel om de kan sitje og prate inne i det vi kallar leiligheita di, lytte til musikk eller gå ein tur. Det er godt for deg om den andre kjenner deg, og veit kva du meiner når du seier «kan eg ikkje få ein sånn….» medan du prikkar med fingrane på bordplata. Du er trygg når den andre lyttar oppmerksomt til det du har å seie. Dersom den andre deler litt av seg sjølv, gjerne med litt sjølvironi, kan du til og med smile og le. De kan snakke om ting de har felles, for de kan godt finne ting å snakke om som er felles, sjølv om mykje er ulikt. Kanskje kjenner du deg meir likeverdig då.

Viss den eine personen du dreg kjensel på, ikkje tek seg tid til deg, kjenner du deg avvist. Du er jo her saman med den personen. Det er ikkje ditt ønskje å vere her. Det er dårleg gjort å forlange at du skal vere her, og så ikkje ta seg tid til deg. To minutt, eller ein time, spelar inga rolle. Berre augneblinken er heil, og i augneblinkar utan at du blir sett, blir du redd, trist og sint. Så redd, trist og sint, som ein blir, når ein er forlatt av sin einaste ven, åleine blant framande menneske, midt i ein gigantisk labyrint.

Når den andre seier du skal pusse tennene dine, eller ta tablettane, eller kanskje noko så freidig som at du kan kle av deg og leggje deg, blir du skuffa. De var to likeverdige vaksne, som skulle bruke kvelden saman, og den andre byrjar brått å snakke til deg som om du var eit barn. Den andre var ikkje slik han gav seg ut for å vere, eller kanskje han plutseleg gjekk lei. Du kjenner deg med eitt svikta og verdilaus. Du vil gå heim. Du vil ikkje vere her når det er slik det skal vere. Natta blir brukt til å leite etter utgongen.

Kvar gong vi viser deg leilegheita di, opplever du å komme inn i eit nytt og ukjent rom. Før du går til ro, treng du tid til å bli kjent i dette nye rommet. Du treng også litt samvær og samtale for å bli trygg på at den andre vil deg vel. Får du dette, kan du bli med på badet. Kanskje vel du å ta imot tannkosten, og kanske bruker du den til å pusse tennene. Etterpå vel du om du vil leggje deg. Oftast synest du det er for tidleg. Du vil helst gå ut og finne på noko saman med den som er hos seg, men kan godt nøye deg med å sitje og prate og lytte til musikk. Litt etter litt vert du trøytt. Du duppar av sitjande i sofaen. Du kan få ei pute i nakken, og kanskje legg du deg i senga i løpet av natta, kanskje legg du deg i sofaen, eller du søv heile natta sitjande. Du søv.

 

(Frå Kraftverk 56)