Kva huskar du?

20160819_180118

«Kva husker du?», spør du, etter å ha fortalt om dine sommarminne.

Eg huskar sjøsprøyt og vind i håret medan vi sigla over eit teppe av sølv. Eg huskar vemmelsen ved å knekke hovud og røske ut innmat. Etterpå; gleda ved å meistre, og ei regnjakke med lukt av gamalt fiskeslo. På eit skjær laga vi middag av gårsdagens fangst, saman. Eg huskar handvaska klede til tørk på ripa.

Dette er fokus i mitt bilete av denne sommaren. I bakgrunnen er regnbygene, at vi ikkje alltid kunne gå rakrygga, trange rom og skuffelsen ved å brått måtte forlate idyllen då båten tok inn vatn.

No seier kalenderen haust, men sommaren er enno. Fokus frå denne septembersommaren, skal vere gode kvardagar; Rolege morgonstunder, før dei andre er oppe. Ein totalt avslappa kropp på fanget mitt. Gleda ved å høyre frå eit ansikt som stråler: «Eg veit kva du skal seie mamma: at de er veldig glade for at de har akkurat meg». Ein som klager over at skule er keisamt, likevel innrømme at friminutt, gym og samfunnsfag er litt gøy. Sjå ein litt lei seg og inneslutta gut blomstre opp i ballspel med meg eller med kameratar. Gleda over å høyre ho som enno går i barnehagen, rette på meg: «Nei, ho er ikkje ei veninde. Ho er BESTEVENNEN min.» Gleda over dei gongane storebror og veslesøster hjelper kvarandre, leikar i lag eller gir kvarandre ein god klem. Gleda over dei gongane også andreklassingen vil sitje på fanget, og tek imot litt kos. Alle dei fine augneblinka på jobb. Dei fine turane i skogen. Gleda over kontakt med gode kollegaer. Krangling og tidspress skal liggje som ei tåke i bakgrunnen.

Denne varmen i septemper hentar fram fragment av ein annan septembersommar. Kalenderen sa septemper, og klimaet sa juli. Stemma inni meg sa november, og at det var uendeleg lenge til vintersolkverv.

Vi sit ein gjeng utanfor i sola. Det er varmt. Nokon av dei vil på butikken. Om eg vil bli med? «Eg må spørje om lov og følgje»

Eg sit på bussen og sveittar. Før eg drog, blei eg spurt: «Du tenkjer ikkje på å gjere noko dumt?». Eg svara at det er skilnad på tankar og handling. Kapteinen trudde eg nettopp hadde forstått noko viktig. Eg fekk gå. Eg sit på bussen, på veg tilbake med uforretta sak. Eg gløymde nøkkelen, og eg har ikkje ork til å gjenta reisa. Det var den sommaren eg kanskje blei redda av å vere distre.

Frå denne septembersommaren, huskar eg tårer, bunnlaus fortviling, uro i ein  tung kropp, som i tal var mykje lettare enn no. Eg huskar redsle for framtida, avmakt og eksistensiell grubling.

Eg huskar også samhaldet med dei andre passasjerene ombord. Dei segla vidare då eg gjekk i land. Ofte undrast eg på kvar dei er og kva dei gjer, og eg skulle gjerne spurt kvar og ein: «Kva husker du?»

 

Takk for inspirasjon, hl

Syng meg liten

 

Syng meg liten

i mor sine armar.

Når eg er redd og sliten,

treng eg tonar som varmar.

 

Dans meg til fest

på ungdomshuset.

Ein gamal melodi er best.

Dans, eg kjenner blodet bruse.

 

Sjå på bileta mine.

Fortel og forklar.

Om eg treng, lat meg grine.

Eg saknar min mann og min far.

 

Lat oss gå ute ilag

i solskin, og i vind.

Eg vil ende min dag

med solbrende kinn.

 

Snart må du leie meg over.

Vegen er kanskje bratt.

Slik er lova over alle lover:

Dag vert uendeleg natt.