Diskrepans

Det er så mykje eg vil. Eg vil greie alt som er normalt å greie, og kanskje litt til, men energien, tida, eller tida med engergi, strekk ikkje til. Eg blir lei meg, sjølvbebreidande og engsteleg av å tenkje på alt eg ikkje orkar. Eg må snu det: Kva har blitt lettare, og kva greier eg?

Når eg treng ein pause, kan eg strikke, sjå TV eller lytte til musikk, i staden for å liggje i stilla med auga att. Eg kan vere eit par timar på besøk på jobben. Eg kan snakke med folk. Eg kan gå i senteret og handle andre ting enn mat. Eg kan invitere vener på besøk. Eg kan gå små turar, utan at det er for å komme seg frå A til B. Eg kan av og til lese  avisa og litt pensumlitteratur. Eg kan køyre bil kvar dag om eg vil, også meir enn 10 minutt om gongen. Eg kan synest noko er kjekt. Eg kan «leilighetsvis lyse opp». Eg kan le. Eg kan tenkje at det er uthaldeleg, og at det kanskje går over.

Og gjennom orda kan eg gjere det halvtomme glaset halvfullt.

 

1 thoughts on “Diskrepans

Kommenter innlegget