Det er normalt.

«Kanskje du kan notere ned litt av alt som har skjedd siste året, og se bedre at det er helt normalt å være sliten nå?«, foreslår du, etter at eg har beklaga meg over å ikkje fungere. Eg sit på kontoret med ryggen mot døra. Ein litt «brysk» men sikkert berettiga kommentar frå ein kollega var alt som skulle til for å få tårene til å trille. Eg visste allereie før eg kom at eg ikkje er heilt meg sjølv. Avtaler og gjeremål går i surr. Eg er så trøytt. Det kjennest som om eg har vore vaken heile natta. Hadde eg kunna, hadde eg brukt eigenmelding. Om morgonen hadde eg tenkt på at det snart er sommarferie, og at eg likevel skulle greie desse siste arbeidsdagene.

I fjor haust kom ei etter mi meining, residiverande konflikt mellom meg og min sambuar til overflata. Etterkvart blei den eit svært isfjell. Inni meg voks tanken om at denne gongen ville vi ikkje greie å verken smelte eller hogge toppen av isfjellet.

Ein kan ikkje endre den andre parten, seiast det. Ein kan berre endre seg sjølv eller eigne haldningar til den andre. Eg kjente at eg ikkje ville greie endre meg nok til at vi igjen skulle få det bra i lag. Eg orka ikkje endå ein gong å slipe isfjellet ned til overflata, og om eg hadde orka, ville det berre vere eit tidsspørsmål før det igjen ville vekse seg stort mellom oss.

Det var vanskeleg for meg å formidle det eg tenkte. Eg gjekk og ønska at han skulle ta steget, så eg slapp vere «den slemme». Han gjorde ikkje det.

I løpet av hausten fekk vi time på familievernkontoret. Endeleg greidde eg vere tydeleg på kva eg tenkte. Vi budde likevel saman ei tid medan eg såg meg om etter bustad. Det var rart å bu i lag og dele seng med ein som kjentes så framand.

Eg fann ei leilegheit til leige. Så var det å innreie og alt anna som høyrer med: Adresseendring, straumabonnement, møte i banken for depositumkonto m.m. Det var mange små saker å ordne, som til saman kjentes ganske overveldande. Samstundes hadde eg byrja på vidareutdanning med innlevering av ein ganske omfattande heimeeksamen.

Etter nokre månader fekk eg høve til å kjøpe mitt eige. Dermed blei det i igjen flytting. Samstundes som eg skulle komme i orden i ny bustad, var det også no arbeid i samband med studiet. Dette semesteret var det to gruppeoppgåver som begge skulle framførast, og til sist skuleeksamen. I tida før skuleeksamen vaska og malte eg fasaden meir enn eg leste. Eg bur i burettslag med freistar for når utearbeid skal utførast.

Heile vegen krev og fortener barna sitt. Eg har nok prøvd å gje dei litt ekstra merksemd for å gjere situasjonen minst mogleg vond for dei.

«Det er ikke mer synd på deg enn andre!» seier Ingvard Wilhelmsen. Det er sant. Eg har valt alt dette sjølv. Eg valde sjølv å bli saman med min ekssambuar. Eg valde sjølv å få barn med han. Eg valde å gje opp forholdet.

«Non, rien de rien, non je ne regrette rien« (Piaf). Eg var ikkje angra eit sekund på at eg gjekk, men trass den gjentakande konflikta, har vi hatt mykje fint saman. Eg ville ikkje vore dei fine opplevingane og barna forutan. Ein kan tenkje det var feil å setje barn til verda, og så utsetje dei for det som skjedde, men eg påstår at dei har liv som er verd å leve sjølv om eg og faren ikkje lenger bur saman.

Siste året har vore tøft på mange måtar, men det har også ført positive erfaringar med seg. Eg har blitt vist så mykje forståing, og fått så mykje bekreftelse frå både vener og familie, på at eg har valt rett. «Det har vi sett lenge», seier fleire når eg fortel korleis eg opplevde samlivet. Eg har også fått utruleg mykje praktisk og økonomisk hjelp. Eg har greidd gjennomføre studiet så langt. Det gir meg mykje. Det er interessant fagleg. Det er også positivt at eg kjenner meg mykje meir fri og trygg blant kullingane mine no enn sist eg studerte. Eg har kjent meg så verdsett på jobb. Eg har fått til ting eg ikkje er vand med å gjere. Eg har fått veldig god kontakt med ei anna mor i nabolaget.

Eg kjenner meg fri, men det har vore eit tøft år. Det har hendt mykje. Du har rett: Det er ein normal reaksjon å vere sliten no.

 

Kommenter innlegget